Massetesting av elever og ansatte i uke 18 (3.-7. mai).

Ås kommune ønsker, i samarbeid med Ås videregående skole, å teste elevane regelmessig for Covid-19.

Tidspunkt for, og gjennomføring av testingen vil bli gitt elevene i Teams.Klikk for stort bildeTestsett Covid 19 Synnøve Aas Gulvik Informasjon angåande screening av elever fra koronasenteret i Ås og Ås vgs:

"Ås kommune ønsker i samarbeid med Ås VGS å teste elevane ved Ås VGS regelmessig for Covid-19.

For å gjere det tryggast for alle har vi landa på at vi vil la elevane teste seg sjølve, med rettleiing. Og for å gjerne det enklast mulig vil vi benytte framre nasetest. Denne metoden er litt mindre sikker enn den vi bruker på testsenteret, men god nok så lenge vi testar berre tilsynelatande friske elevar.

Fremre nasetest går ut på at ein fører testpinnen2-3 cm inn i nasen, roterer denne og pressar godt inn mot naseslimhinna, ca 10 sekund i kvart nasebor.

Det er ikkje anledning til å teste seg dersom ein har symptom på korona, då skal ein halde seg heime frå skulen og bestille test på teststasjonen til kommunen.

Det er viktig å merke seg at når ein seier ja til å teste seg med hurtigtest forplikter ein seg til å ta ein PCR-test dersom hurtigtesten ser ut til å vere positiv. Hurtigtesten i seg sjølv er berre ein indikator, og ein kan ikkje stille diagnose ut i frå denne. Det er og viktig å merke seg at ein negativ hurtigtest ikkje betyr sikkert at ein ikkje har korona.

Det kan vere lurt å snakke om at det er ein sjanse for at ein får positivt testsvar og at det kan følast litt kjipt at dei andre i klassen nødvendigvis vil få vite dette. Det er fint om klassen har tatt ein prat om at ein er einig om at den enkelte har teieplikt utanfor klassen dersom det kjem positive svar, og at ein støtter kvarandre viss det skulle skje.

Det er frivillig å ta del i slik testing, og det er viktig at ingen blir, eller føler seg, pressa til å ta del. Elevar over 16 har sjølvstendig samtykkekompetanse og har anledning til å bestemme sjølve om dei ønsker å ta del i testinga."

 

Til toppen