Flå er Trafikksikker kommune

Flå er godkjend i ordninga Trafikksikker Kommune. Med det er Hallingdalregionen den første kommuneregionen i Viken der alle kommunane er med i ordninga. 
Klikk for stort bildeFlå blei godkjend som Trafikksikker Kommune 8. juni. Frå venstre: Inger Iren Listøen, enhetsleder barnehage, Nils Røkkum, rektor, Anne Marit Jordheim, regionleder Trygg Trafikk Viken, Odd Egil Stavn, rådmann, Merete Gandrud (Ap), ordfører og Siv Merethe Glesne, folkehelsekoordinator. Jan Ivar Bøe

Godkjenninga som Trafikksikker kommune blei markert på eit møte 8. juni med ordførar og andre representantar frå kommunen, Trygg Trafikk og Viken fylkeskommune.  

På møtet gratulerte Olav Skinnes (Sp), fylkesråd for samferdsel, med tildelinga som Trafikksikker Kommune.  

Heilhetleg

Olav Skinnes - Klikk for stort bildeOlav Skinnes (Sp), fylkesråd for samferdsel Tom-Egil Jensen   – Flå kommune gjer eit systematisk og heilhetleg arbeid for trafikksikkerheiten i kommunen. Kommunane har ei viktig rolle når det gjeld trafikksikkerheit, både som stor arbeidsgjevar, ansvar for barnehagar, skule og helsetenester, som vegeigar og innan arealplanlegging. 

Difor er det viktig at kommunane har gode planer som blir følgde opp innan alle sektorane i kommunen, slik Flå her gjer, seier Olav Skinnes, fylkesråd for samferdsel i Viken fylkeskommune. 

Trafikksikkerheit er med i alt kommunen gjer 

– Vi har jobba systematisk med trafikksikkerheit på alle sektorane i kommunen, og med å dokumentere rutinar og tiltak. Å bli godkjend som Trafikksikker Kommune er ein milepæl for oss, seier Siv Merethe Glesne, folkehelsekoordinator i Flå kommune.  

Eksempel på trafikksikkerheitsarbeidet i Flå kommune er helsestasjonen som informerer om trafikksikkerheit, mellom anna gjennom rettleiing om sikring av barn i bil. Barnehagene og skulane jobbar systematisk med trafikksikkerheit. Hjertesoner rundt skulane har som som mål å redusere trafikken rundt skulen, det blir arrangert sykkeldag for elevane, rutiner for turer, og trafikksikkerheit som tema på foreldremøter og i klasserommet.

Ved etablering av nye hyttefelt blir det bygd gang- og sykkelveg, og det har vore gjennomført utbedring av gatebelysning. Trafikksikkerheit er integrert i planprosessar og reguleringsplanar.  

Samarbeid

Trygg Trafikk har i samarbeid med fylkeskommunene utvikla godkjenningsordningen Trafikksikker Kommune. 

– Trygg Trafikk er imponert over det arbeidet Flå kommune har nedlagt for å auke trafikksikkerheiten. Dei har jobba systematisk og utvikla gode rutiner i alle sektorar for trafikksikkerheiten til innbyggane.  

Eit eksempel på dette er at skulen har vaksne gangfeltvaktar slik at elevane kan krysse Rv 7 trygt ved skulestart og skuleslutt, seier Anne Marit Jordheim, regionleiar for Trygg Trafikk Viken.  

 

Trafikksikker Kommune   

  • Godkjenningsordninga Trafikksikker Kommune er utvikla av Trygg Trafikk i samarbeid med fylkeskommunane.  
  • Godkjenninga er eit organisatorisk trafikksikkerheitstiltak, som gjennom system og rutinar kvalitetssikrar at kommunen arbeider systematisk med trafikksikkerheit i alle kommunens sektorar.    
  • Å bli godkjend er ingen garanti for fråvær av ulykker, men et kvalitetsstempel som fortel at kommunen arbeider godt, målbevisst og heilheitlig basert på den økonomien kommunen har å få med.   
  • Dei fleste kommunane i landet har store trafikksikkerheitsutfordringer på delar av vegnettet, det vere seg på statlege, fylkeskommunale og kommunale vegar. Sjølv om ein kommune blir godkjend som Trafikksikker kommune vil det nok også i framtida vere mange uløyste oppgåver.    
  • Med godkjenningsordninga Trafikksikker Kommune, ønskjer Trygg Trafikk og fylkeskommunen at kommunane i større grad også skal arbeide for på å påvirke trafikantenes åtferd.     

Les også om Trafikksikker Kommune på nettsidene til Trygg Trafikk.   

 

Til toppen