Skal vera fossilfri i 2028 

Eit viktig steg mot eit berekraftig Viken. Det meiner fylkesråd for plan, klima og miljø Anne Beathe Tvinnereim om vedtaket som seier at Viken fylkeskommune skal vera heilt fossilfri i 2028.  

Klikk for stort bildeELEKTRISK: Slike hjullastarar kan det bli fleire av i Viken fylkeskommunes framtidige maskinpark. Den blei tidlegare i år brukt ved Ål vidaregåande skule i samband med prosjektet Test av fossilfrie maskiner og kjøretøy. Martin Norderhaug   

– Det er heilt naturleg at ein stor organisasjon som vår går foran når det gjeld å bruka fossilfrie energikjelder. Dette er eit viktig bidrag i arbeidet med å gjera heile Viken-samfunnet berekraftig og klimavenleg. Difor er eg glad for at eit så stort fleirtal i fylkestinget stiller seg bak dette vedtaket, seier fylkesråd for plan, klima og miljø Anne Beathe Tvinnereim  

Klikk for stort bildeAMBISIØS: Fylkesråd for plan, klima og miljø Anne Beathe Tvinnereim Morten Brakestad 16. juni vedtok fylkestinget at Viken fylkeskommune skal vera ei fossilfri verksemd i 2028.  

Er godt i gang

Å bli fossilfri verksemd krev tiltak innanfor fleire område. Det handlar mellom om anna om oppvarming av bygg, drivstoff til kollektivtransporten, drivstoff til køyretøy og maskiner som fylkeskommunen eig eller leiger, samt drivstoff og materialer i varer og tenester som fylkeskommunen kjøper inn, til dømes i samband med bygg- og anleggsverksemd.

Les også: Sorterer i klimaomgrepa for felles forståing 

– Det er eit krevande, men viktig arbeid som ligg framfor oss. Og vi er godt i gang. Mellom anna skal vi utarbeida ein utskiftingsplan for dei fossile køyretøya våre, samordna oss slik at våre køyretøy og maskiner vert nytta betre, og få på plass god og hensiktsmessig ladeinfrastruktur, seier Tvinnereim.  

Vidare heiter det mellom anna i vedtaket at Viken fylkeskommune berre skal kjøpa og leiga fossilfrie køyretøy og maskiner på fossilfrie drivstoff, fortrinnsvis el, hydrogen eller biogass.  

Her kan du sjå saka som fylkestinget behandla 

– Dette er eit offensivt vedtak eg håpar kan vise veg for fleire aktørar i Viken-samfunnet, seier Tvinnereim.  

Dette er vedtaket  

Vedtaket som blei fatta av fylkestinget lyder slik:  

1. Tiltak og plan for fossilfri drift innan 2028 blir følgt opp og gjennomført i heile Viken fylkeskommune sin organisasjon.  

2. Viken fylkeskommune vedtar og følger opp utskiftingsplan for tenestekøyretøy og arbeidsmaskiner 2021-2022 Utskiftingsplanen blir oppdatert annakvart år fram mot 2028.  

3. Viken fylkeskommune skal berre kjøpe, lease og leige fossilfrie køyretøy og maskiner på fossilfrie drivstoff, fortrinnsvis el, hydrogen og biogass. Det kan bli gjort unntak der fossilfrie alternativ ikkje kan dekke det faktiske behov. For einskilde køyretøy og arbeidsmaskiner der det i 2028 ikkje finst fossilfrie alternativ som kan oppfylle behovet vil berekraftig, palmeoljefri biodiesel bli vurdert som alternativ. 

Til toppen