Sorterer i klimaomgrepa for felles forståing

Kva betyr eigentleg «utsleppsfri», «klimanøytral» eller «nullutslepp»? Ulik forståing kan gi uryddig debatt. Det vil fylkesråd for plan, klima og miljø, Anne Beathe Tvinnereim, unngå. No har fylkestinget blitt einige om korleis fleire sentrale klimaomgrep skal forstås. Ikkje alle klimaomgrep er like lett å forstå. Fylkesråd for plan, klima og miljø Anne Beathe Tvinnereim er glad for at Viken tar grep. Getty Images/Morten Brakestad  

– Eg er glad for at eit stort fleirtal i fylkestinget er einige om korleis vi i Viken fylkeskommune skal forstå heilt sentrale klimaomgrep. Det trur eg vil gje ein ryddigare klimadebatt i åra som kjem, og det er nødvendig, seier Tvinnereim.

18. februar behandla fylkestinget saka som handla om uklare klimaomgrep. Målet er å skape ei felles forståing av kva dei betyr.

Språk kan endre og forvirre

Klimaomgrep som «nullutslepp», «utsleppsfri» og «klimanøytralt» blir mykje brukt, men kva som er meint kan vere uklart.

Til dømes var «nullutslepp» og «utsleppsfri» tidlegare teknologiomgrep, og omfatta berre kjøretøy utan utslepp frå eksosrøret, det vil seie el- og hydrogenbilar. I dag blir desse omgrepa brukt mykje breiare, og omfattar heile geografiske område og samfunn.

– Endringar i språket er ei naturleg utvikling, men kan føre til forvirring. Det finst mange døme frå ulike forvaltingsnivå på politiske vedtak der omgrep som «nullutslepp» og «utsleppsfritt» er brukt, og det i etterkant har vist seg at det ikkje er einigheit om kva som er meint med vedtaket, sier Tvinnereim, og legg til:

– Ueinighet er greit og kan vere konstruktivt. Men dersom ho oppstår fordi vi har ulik forståing av kva som ligg i dei ulike klimaomgrepa, gir diskusjonen lite utbytte. Då får vi ein debatt på feil premissar, seier Tvinnereim, og viser til at både i fagmiljø og daglegtale blir omgrep som «utsleppsfritt» og «nullutslepp» ofte brukt om kvarandre.

– Viktige avklaringar

Også når det gjeldt utvikling av regionale planar og strategiar er det viktig at heile organisasjonen har same bruk og forståing av denne typen omgrep, påpeiker ho.

Til dømes er det no vedtatt at Viken fylkeskommune nyttar omgrepet «nullutsleppsregion» om eit område der det ikkje blir slept ut meir klimagassar enn det som blir teke opp gjennom biologiske prosessar og karbonfangst.

– Eg er glad for at vi no har fått fleire viktige avklaringar på plass. Det vil gjere den framtidige klimadebatten godt, seier Tvinnereim.

Dette er vedtaket

Fleirtalet i fylkestinget vedtok dette:

  1.  Viken fylkeskommune nyttar omgrepet nullutsleppsregion om eit område der det ikkje blir slept ut meir klimagassar enn det som blir teke opp gjennom biologiske prosessar og karbonfangst.

    2. Omgrep som nullutslepp, utsleppsfri og klimanøytral skal ikkje nyttast i Viken fylkeskommune utan at innhaldet er definert. Ved uklar omgrepsbruk skal ta utgangspunkt i eit berekraftig sirkulærøkonomisk samfunnsperspektiv.

    3. Viken fylkeskommune meiner biogass er ein viktig del av klimaløysinga og vil arbeide for formålsteneleg nytting av biogass i ulike sektorar. Berekraftig biogass, elektrisitet og hydrogen er alle prioriterte drivstoff i nullutsleppssamfunnet. Prioritering mellom drivstoffa må i kvart konkrete høve vere basert på klima- og miljønytte, lokale føresetnader, og regionale utviklingsbehov.

    4. Omgrepet fossilfri skal alltid forstås som berekraftig fossilfri, også når dette ikkje er presisert.

Til toppen