Aktuelt

Viktig informasjon om endring av testing, smittesporing og karantene – nedjustert TISK

Frå og med 27.09.21 er det nye nasjonale retningslinjer for testing, smittesporing og karantene – nedjustert TISK (TESTING - ISOLASJON - SMITTESPORING - KARANTENE). Denne endringa kjem fordi me no har komme så langt i vaksineringa at befolkninga er godt beskytta mot alvorleg sjukdom. Dei fleste uvaksinerte er barn som har svært låg risiko for både sjukdom og seinfølgjer av Covid-19. Det er difor behov for overgang til tiltak som framleis er smittevernmessig effektive, men også mindre inngripande.

Kort oppsummert:

  • Hald deg heime og test deg om du får symptom
  • Smitta? Gå i isolasjon, husstandsmedlemmer blir heime eller må teste seg hyppig
  • Informer dine nærkontaktar

Meir informasjon om TESTING:

  • Dersom du har symptom og skal bestille time til test kan du ringe legekontoret/fastlegen din 
  • NB! Det er framleis viktig at alle, både vaksinerte og uvaksinerte, held seg heime og testar seg ved symptom. Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule/barnehage når allmenntilstanden er god og symptoma avtakande. Meir informasjon finn du her:  Hva skal du gjøre ved nyoppståtte luftveissymptomer? - FHI

PÅ TIDE Å SØKE VIDAREGÅANDE OPPLÆRING

Har du planar om å ta vidaregående utdanning i skoleåret 2021–2022, bør du starte søkeprosessen no. Du finn meir informasjon her.

Skulehelsetenesta har tid til deg!

Mange elevar kjenner på usikkerheit og vanskelege tankar, særleg no når corona-pandemien begrensar oss så sterkt i kvardagen. Me i Skulehelsetenesta har tid til deg! Kom innom kontoret, kontakt oss på telefon eller snapchat (Ungdomslosen Hallingdal). Ranveig: 99287853 Margunn: 40210847 Norunn: 47637650

Kantine

Pga COVID-19 blir det berre salg av mat og drikke i kantina.  Det er ikkje lov å sitte ned/opphalde seg i kantineområdet. Hugs avstand!      

Informasjon om Visma InSchool

Visma InSchool vil være en viktig del av skolehverdagen din    

Til toppen