COVID-19 OG KARANTENE/TESTING

Vi startar skuleåret med «Grønt trafikklys». Det betyr likevel smittevern. Skuleelevar kan delvis få unntak frå smittekarantene ved at karantene blir erstatta med testing.

Dette er det viktigaste vedr. smittevern:

  • God handhygiene
  • Avstand til kvarandre (ikkje klemmer og handhelsar)
  • Er heime ved symptom på sjukdom.

Elles blir det vanleg organisering av skuleklassar og undervisning, og elevar kan vere saman på tvers av klassane. Du kan lese meir om «Grønt trafikklys» på nettsida www.udir.no 

Frå og med 18.08.21 kan skuleelevar delvis bli unnateke frå smittekarantene ved at karantene blir erstatta med testing. 

  • Første test tas så snart som mogeleg (= dag 1) og elevane må vere i karantene fram til negativt testsvar.
  • Elevar i ungdomsskule og vidaregåande skule skal ta nye testar på dag 3 OG dag 5 og treng heller ikkje vere i karantene i påvente av svar på desse testane.

I hovudsak kjem testinga til å gå føre seg ved legevakta.

Definisjonen av nærkontakt er som før kontakt < 2 meter > 15 minutt eller fysisk kontakt. 

Ved positivt prøvesvar eller utvikling av symptom skal desse elevane sjølvsagt ikkje møte på skulen og vil bli handtert vidare av smittegruppa.

Merk:

  • Unntak frå smittekarantene gjeld ikkje for husstandsmedlemmer eller tilsvarande nære kontaktar til ein smitta, og heller ikkje for innreisekarantene
  • Samtykke frå foreldre for å teste barn under 16 år
Til toppen