REGLAR VED KARANTENE

Det er viktig at du er klar over kva for reglar som gjeld i samfunnet dersom du får beskjed om at du er i karantene. 

Det er positive nyheiter at me endå ikkje har registrert nokon positive prøvesvar blant våre elevar. Dette betyr at ingen HEILE klassar er i karantene lenger. Imidlertid er det einskildelevar som har karantene i påvente av prøvesvar eller har vore nærkontakt med andre som har testa positivt, men som ikkje er elevar ved Ål vgs. Og fleire av våre elevar har testa seg i dag, så heilt problemfritt er det likevel ikkje endå. Men me reknar med - og håpar på - å vera tilbake i vanleg drift på skulen att frå måndag av. TA VARE!

Pga av den uoversiktelege smittesituasjonen som har oppstått og utfordringar med å gjennomføre alt av undervisning på skulen pga lærarar i karantene, vel me å gå over til heildigital undervisning for alle klassane resten av denne veka.

Revidert smittevernveileder og skjerpa smittevernfokus dei fyrste vekene etter påske - i første omgang til og med 23. april. 

Me har kome dit i skuleåret at det er tid for å invitere føresette til ny samtale med skulen om eleven sin trivsel og læring. Dette er eit svært viktig samarbeid for oss, og me håper at de føresette set av tid til denne praten.  

Tidspunktet for samtalane er veke 15 (12.-16. april), med vekt/fortrinn på onsdag 14. april.

Pga COVID-19 blir samtalane gjennomført digitalt. 

Vil du arbeide med ungdom og undervisning? Ønsker du å arbeide i eit kollegium med fokus på inkludering, tverrfagleg samarbeid, utvikling og godt profesjonsfellesskap? 

Vi er i gang med utprøving av gratis skulemat - i første omgang fram til påske.

     

GLADMELDING!  No er arbeidsgruppa for gratis skulemat klar til å sette i gang med ei prøveperiode på 4 veker.

 

Ål vgs er tilbake på gult nivå.
Dette er jo ein kjent situasjon for oss og noko me føler oss både  trygge og komfortable med. Ikkje minst er me glade for at me då kan gjere all undervisning på skulen. MEN det er ein forskjell frå tidlegare gult nivå, nemleg påbodet om munnbind. Eit påbod som er bestemt skal vare fram til 15.02.21.  

Det er med stor entusiasme og glede at Ål vgs kan melde at me er 1 av 13 skuler i Viken fylkeskommune som skal få prøve ut ei ordning med gratis skulemåltid til alle elevane. Ordninga er ein pilot (prøveprosjekt) og skal i fyrste omgang gå fram til 31.12.2021. Me skal bruke januar til å planlegge og så håper me å kome i gang med serveringa i februar – dersom pandemien spelar på lag med oss. I planlegginga vil både elevar, lærarar og leiarar vere med. Dette blir både spennande og bra!

Til toppen