Elev- og foreldresamtaler for VG1

Onsdag 30. november og torsdag 1. desember kl. 18:00 - 21:30 blir det elev- og foreldresamtaler for 1. klasse. 

Det er sendt ut SMS til alle føresette med lenke til eit svarskjema, som me ber om at de svarar på innan fredag 25.november.

Ramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30. De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar. Denne oversikta vil de få i starten av veke 48. Me oppfordrar dykk sterkt til også å ta kontakt med faglærarar, og me vil gjerne ha melding om kven de ønskjer å prate med.
Dersom det skulle vera nokon faglærarar de ikkje får snakka med, ber me om at de tek kontakt med skulen seinare, slik at me kan få organisert dette på eit anna tidspunkt.

Foreldra til elevar i 1STA, 1STB og 1STC vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 19.00 i KANTINA.
Me vil også gjerne snakke med foreldre som har elevar som har planar om å reise til utlandet etter Vg1. Dette vert rett etter info om programfag og gjeld elevar frå studieførebuande programområde  (ST, ID og MD).

Til toppen