Alle vil få høve til samtale med kontaktlærar og faglærarar denne kvelden.
Vi ber difor om at de gir tilbakemelding på om de kjem eller ikkje og kven de ønsker å ha samtale med. Tidsramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30. De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar og faglærarar. Denne oversikta vil de få i veke 2. Gi beskjed kva for tidspunkt som passar best å ha samtale på, så vil vi prøve å tilpasse dette.
Fellesorientering ved rådgjevarane på skulen.
Informasjon om studie- og yrkesorienteringa, og kvar ein kan finne meir informasjon om dette. Orienteringa blir gitt kl. 19.00 på personalrommet i 2. etasje. Orienteringa varer ca 30 min.
Vi serverer kaffi/te og frukt på personalrommet. Her vil de kunne få ei uformell samtale med andre foreldre, leiing og rådgjevarar.