Elevundersøkinga 2022

Elevundersøkinga er ei årleg undersøking der elevane får seie meininga si om læring og trivsel i skulen. Svara blir brukt av skulen, kommunen og staten for å gjere skulen betre.

Informasjon til føresette om Elevundersøkinga 2022


Vert gjennomført i slutten av november

Så langt det lar seg gjere, vert Elevundersøkinga gjennomført tysdag 29.november ved Gol vidaregåande skule. Elevar som av ulike grunnar er borte denne dagen, får moglegheit til å gjennomføre Elevundersøkinga ved eit seinare høve.
 

For alle trinn

Undersøkinga er obligatorisk for alle skular i Norge å gjennomføre på Vg1, men i Viken fylkeskommune ønsker ein at alle trinn på vidaregåande skule gjennomfører undersøkinga.
 

Kvifor har vi elevundersøking?

Skuler og statleg utdanningsadministrasjon ønsker å analysere og utvikle læringsmiljøet på skulane. Elevundersøkinga gir deg som elev moglegheit til å seie kva du meiner om læring og trivsel på skulen, slik at du kan bidra til utvikling.

Du kan finne resultat i Udir sin statistikkbank
 

Tema som inngår i elevundersøkinga:

  • trivsel
  • motivasjon, arbeidsforhold og læring
  • heim-skule-samarbeid
  • støtte frå læraren
  • vurdering for læring
  • medverknad
  • reglar på skulen
  • trygt miljø
  • rådgiving
     

Korleis blir undersøkinga gjennomført?

Eleven gjennomfører undersøkinga på PC. Det er heilt anonymt, og ein får ei tilfeldig kode å logge inn med.

 

Behandlingsansvar og personvern

Når du svarar på spørsmål i Elevundersøkinga, blir det lagra opplysningar om deg.

Utdanningsdirektoratet behandlar informasjonen etter gjeldande personvernregelverk. Du oppgir ikkje namn eller personnummer til svara dine i Elevundersøkinga, og det vil vere svært vanskeleg å finne ut av kven som har svart kva i undersøkinga.

Har du spørsmål om personvernet i undersøkinga, kan du kontakte Utdanningsdirektoratet sitt personvernombud på e-post: personvernombud@udir.no
 

Klager

Om du ikkje er tilfreds med Utdanningsdirektoratet si behandling av personopplysningar i samband med Elevundersøkinga, skal du kontakte Datatilsynet.

Du finn meir informasjon om korleis du kan klage på Datatilsynet si nettside

 

Informasjon frå Utdanningsdirektoratet:

Meir informasjon om Elevundersøkinga på www.udir.no

 

Kontaktinformasjon til Utdanningsdirektoratet:
Postadresse: Postboks 9359 Grønland, 0135 OSLO
Telefon: +47 23 30 12 00
E-post: post@udir.no
Internett: www.udir.no

Til toppen