Elev- og foreldresamtaler for VG1

Onsdag 1. desember og torsdag 2. desember kl. 18:00 - 21:30 blir det elev- og foreldresamtaler for 1. klasse. 

Elevane har fått utdelt svarslipp, der de som føresette kan melde frå om de ynskjer samtale eller ikkje. Lenke til svarslippen finn de også nederst i denne artikkelen. Vi ber om at de fyller ut svarslippen og leverer til kontaktlærar snarast.

Ramma for foreldresamtalene er mellom kl. 18:00 og 21:30. De vil, når vi har fått beskjed om kor mange som ønsker samtale, bli sett opp på ei fast møtetid med kontaktlærar. Denne oversikta vil de få i slutten av veke 48. Gi beskjed om de ønskjer å kome tidleg eller seint, så vil vi prøve å tilpasse dette. Me oppfordrar dykk sterkt til også å ta kontakt med faglærarar, og me vil gjerne ha melding om kven de ønskjer å prate med.
Dersom det skulle vera nokon faglærarar de ikkje får snakka med, ber me om at de tek kontakt med skulen seinare, slik at me kan få organisert dette på eit anna tidspunkt.

Foreldra til elevar i 1STA, 1STB og 1STC vil få ein generell informasjon om val av programfag kl 18.00 og kl 19.30 i KANTINA.
Me vil også gjerne snakke med foreldre som har elevar som har planar om å reise til utlandet etter Vg1. Dette vert kl. 19.00 i kantina og gjeld elevar frå studieførebuande programområde  (ST, ID og MD).

Oversikt over kva rom lærarane er på: Lærarplassering (XLS, 46 kB)

Oversikt over lærarar og klasse: Faglærarar Vg1 21_22 (DOC, 57 kB) 


Innkalling med svarslipp:

Foreldremøte innkalling Vg1.doc (DOCX, 47 kB)
 

ONSDAG 1.12.21

 

TORSDAG 2.12.21

Klasse

Rom

Kontaktlærar

 

Klasse

Rom

Kontaktlærar

1 STA

204 – NES
206 – FLÅ

Marianne Brekke
Gry Svantesvold

 

1 STA

204 – NES
206 – FLÅ

Marianne Brekke
Gry Svantesvold

1 STB

210 HALLINGDAL
217 – HOL   

Stian Sannes
Hege  Martinussen 

 

1STB

210 – HALLINGDAL
217 – HOL   

Stian Sannes
Hege D Martinussen

 

1STC

213 – HEMSEDAL
BIOLOGILAB

Daniel Mittermeier  
Truls Magnussen

 

1 STC

213 – HEMSEDAL
BIOLOGILAB

Daniel Mittermeier  
Truls Magnussen

1 IDA

220 U

Gro M Lappegard

 

1 IDA

220 U

Gro M Lappegard

1MDA

222 U

Remi J Hovda

 

 

 

 

Til toppen