Gol vgs. på gult nivå frå måndag17. januar

I samråd med kommuneoverlegen er Gol vidaregåande skule på gult nivå frå måndag 17. januar og i fyrste omgang fram til og med fredag 28. januar. Alle trinn møter dermed på skulen, men det blir framleis strengt smittevern. I artikkelen kan du lese meir om nye karantenereglar og kva det vil seie å vere på gult nivå.

Nye karantenereglar

Regjeringen endrar karantenereglane for heile befolkninga. Det er ikkje lenger nødvendig å vere i karantene dersom ein er nærkontakt til ein smitta som ikkje er husstandsmedlem eller tilsvarande nær. Det skal testast på dag 3 og dag 5 etter kontakt med den smitta. Du kan lese meir om karantenereglane på Helsenorge sine nettsider.

Smittevern: informasjon til elevar – gult nivå.

  • (1) Sjuke personar skal ikkje vere på skulen.
  • (2) God hygiene
  • (3) Redusert kontakt mellom personar
  1. Du skal ikkje vere på skulen om du er sjuk eller har symptom på sjukdom. Hugs å lever eigenmelding.

Merkar du sjukdomssymptom i løpet av dagen, meld frå til læraren du har (evt. til kontoret om du ikkje har undervisning) og følg beskjeden du får. Elevar kan kome tilbake på skulen når dei ikkje har symptom på sjukdom.

 

  1. Du skal vaske hender med såpevatn eller bruk desinfeksjon:  
    • når du kjem på skulen
    • ved bytte av klasserom
    • etter hosting/nysing
    • før og etter måltid
    • etter toalettbesøk
    • når du kjem heim frå skulen

 

  1. Du skal vaske pulten og stolen din
    • når du er ferdig med undervisning i eit rom
      • Bord og stolar skal ikkje flyttast på
      • Lærar set av 5 minutt på slutten av undervisningsøkta til vask av bord og stolar.

 

  1. Matpause
    • Elevane går til klasserom kor ein har undervisning i 5.timen og et matpakka si der.
    • Realfagsromma vil vere låst. Elevar som har realfag i 5.timen, tar matpause i fellesareal og kantina.

 

  1. Fellesareal
    • Kantine og vestibylar er opna. Ikkje flytt på stolar og bord. Dei er plassert med tanke på smittevern. Hugs å vaske bord og stol etter bruk.
    • I studietimar kan elevane bruke kantine og vestibylar til skulearbeid.

 

  1. Munnbind
    • Alle, både tilsette og elevar, brukar munnbind i fellesareala når ein ikkje kan halde 1 meters avstand. Elevar frå same gruppe kan/trinn sitte saman i fellesareala.

 

  1. Redusert kontakt mellom elevar:
    • Unngå handhelsing og klemming
    • Hald 1 meters avstand til kvarandre utanfor klasserommet og bruk munnbind i fellesareal.
    • Ha faste plassar i klasserommet. Vi brukar klassekart for å registrere kor den enkelte elev er plassert.
      • I klasserom med enkeltpultar - plasser elevane med størst mogleg avstand
      • I klasserom med dobbeltpultar, kan ein på gult nivå sitte saman to og to.
    • Unngå større samlingar. Det er ikkje opent for å vere på besøk i andre klasserom i pausane.
    • Unngå trengsel på veg inn og ut av klasserom, garderobar etc.

 

  1. Headset
    • Ta med headset til bruk ved deltaking i nettundervisning frå skulen.

 

  1. Skuleskyss
    • Det er påbudt med munnbind på skulebussen.

 

  1. Koronavert
    • Vi har tilsette som gjennomfører inspeksjon i fellesområde og friminutt som minner elevane på smittevernreglane.
Til toppen