Foreldremøte for VG1 torsdag 2. september

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette er svært viktige støttespelarar i arbeidet med å leggje til rette for trivsel, læring og utvikling hjå elevane. Vi inviterer difor til foreldremøte for Vg1.

 

Tid: Torsdag 2. september kl. 18.00
Felles oppmøte i midtsalen på Gol samfunnshus. 


I dette fyrste møtet vil de få treffe kontaktlærar, rådgjevarar og skuleleiinga. Det neste møtet er tidleg i desember, og her vil de få treffe både kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.

Etter fellesinformasjonen i midtsalen, vil foreldremøtet fortsette klassevis med kontaktlærar:
 

Klasse

Tal på elevar

Rom

Kontaktlærar

1RMA

10

208

Kim A L Røbergshagen

1MDA

7

222U

Remi Johansen Hovda

1IDA

18

220U

Gro Molde Lappegard

1STA

22

204

Gry Svantesvold og
Marianne Brekke

1STB

22

210

Stian Sannes og 
Hege Dahl Martinussen

1STC

24

213

Truls Magnussen og
Daniel Mittermeier

 

Foreldremøte vert gjennomført etter gjeldande smittevernreglar. Vi presiserer:

  • Sjuke personar skal ikkje delta på foreldremøte
  • Alle skal vaske hender/bruke antibac ved oppmøte på skulen
  • Alle skal halde 1 meter avstand til kvarandre
  • Det vert ikkje servert mat eller drikke på møtet
  • Vi legg vi opp til at kun ein føresett per elev kan delta på møtet, og at ingen elevar kan delta denne gongen.


Klassevis orientering v/kontaktlærar:

  • Teams
  • Visma inSchool
  • Årsplanar og planar i dei einskilde faga
  • Læringsmiljø – klassereglar
  • Elevmedverknad
  • Elevsamtale og fagsamtale
  • Fråvær


Vel møtt!
 

Til toppen