Foreldremøte for VG1 tysdag 30.august 2022

Gol vidaregåande skule ynskjer å få til eit godt samarbeid mellom skule og heim. Foreldre og føresette er svært viktige støttespelarar i arbeidet med å leggje til rette for trivsel, læring og utvikling hjå elevane. Vi inviterer difor til foreldremøte for Vg1.

 

Tid: Tysdag 30. august kl. 18.30
Felles oppmøte i midtsalen på Gol samfunnshus. 


I dette fyrste møtet vil de få treffe kontaktlærar, rådgjevarar og skuleleiinga. Det neste møtet er i starten av desember, og her vil de få treffe både kontaktlærar og lærarane i dei ulike faga.

Etter fellesinformasjonen i midtsalen, vil foreldremøtet fortsette klassevis med kontaktlærar:

 

Klasse

Rom

Kontaktlærar

1RMA

Spisesal

Wenche M.S Ulsaker

1MDA

222U

Marianne Ek Malmåsen

1IDA

220U

Trude A Børtnes

1STA

204

Stian Sannes
Hege Asbøll Røhme

1STB

206

Truls Magnussen
Gunhild S Jensen

1STC

213

Mari Woxen Thoen
Daniel Mittermeier

 


Klassevis orientering v/kontaktlærar:

  • Teams
  • Visma inSchool
  • Årsplanar og planar i dei einskilde faga
  • Læringsmiljø – klassereglar
  • Elevmedverknad
  • Elevsamtale og fagsamtale
  • Fråvær


Vel møtt!
 

Til toppen