Lærar i realfag - ledig vikariat ut skuleåret

Gol vidaregåande skule har ledig inntil 100% stilling for lærar i realfag. Undervisningskompetanse i  matematikk er eit krav. Det er også ynskjeleg med undervisningskompetanse i informasjonsteknologi (programmering).

Stillinga er eit vikariat og gjeld resten av skuleåret 2022-2023.

Gol vidaregåande skule har idag omlag 365 elevplassar og 65 tilsette fordelt på fire utdanningsprogram:  studiespesialisering, idrettsfag, musikk, dans og drama og  restaurant- og matfag. I tillegg har me kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.

Gjennom samhandling og medverknad på alle nivå ynskjer vi å motivere elevar og tilsette til å ha fokus på det som fungerer godt og dele dette. Tilsette ved Gol vidaregåande skule skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine.

Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil frå Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.

Les meir om Gol vidaregåande skule her

Søk på stillingen

Elevar på biologirommet, ser i mikroskop - Klikk for stort bildeBiologilab Endre Ulsaker
Til toppen