Velkomen til skulestart

Onsdag 17. august startar eit nytt skuleår. Her finn du nyttig informasjon du treng til skulestart.

Oppmøte fyrste skuledag

Alle elever møter onsdag 17. august kl. 08.00 i midtsalen i Gol samfunnshus. 

Takk ja til plass i VIGO og møt opp fyrste dag

Er du ikkje til stades når skulen starter opp, kan plassen din gå til ein elev frå ventelista. Er du sjuk eller har anna viktig grunn til at du ikkje kan møte opp, må du gje beskjed til skulen – i så god tid som mogleg. 
Har du ikkje fått plass på den skulen eller det utdanningsprogrammet du ynskjer, og står på venteliste, må du vente til du eventuelt blir kontakta av skulen du står på venteliste til.

Klassar og lærarar

Du får vite kven du kjem i klasse med når du byrjar på skulen. Kva for lærarar du får, klasse du skal gå i og fag du skal ha, finn du i Visma InSchool. Sjå under menypunktet «Klasser og grupper». Du får tilgang til Visma InSchool så snart Viken-brukeren din er aktivert.

Elev-PC

Alle elever skal ha ei bærbar datamaskin til bruk i skulearbeidet. Du må sjølv sørge for å skaffe deg ein PC/Mac til skulestart. Du kan bruke di eiga maskin hvis du har ei god nok maskin frå før, eller du kan kjøpe ny. Når du er elev i Viken, tilbyr fylkeskommunen ei gunstig avtale for kjøp av PC/Mac. Du eig maskina sjølv, også etter at du er ferdig på vidaregåande skule.

Les meir om elev-PC og bestilling

Hugs å aktivere din Viken-bruker

For å få tilgang på programvare og andre tenester du treng som elev i Viken fylkeskommune, må du aktivere din Viken-bruker.
Du vil som ny elev få ein SMS med moglegheit for å aktivere Viken-bruker ca 11. august.

Slik aktiverer du din Viken-bruker

Gløymt passord eller brukarnamn

Har du gløymt passord eller brukarnamn til Viken-bruker?

Gløymt passord eller brukarnamn

Oppsett av PC/Mac

Treng du hjelp til installering, pålogging og tilgang til IT-systemer, for eksempel til Office 365 eller Viken-e-post?

IKT-veiledninger

Fotografering, skulekort og oblat

Som elev får du utdelt eit skulekort med bilde og oblat. Vi har fotografering av alle nye elever på starten av skuleåret, og du vil få beskjed når det er din tur til å fotograferast. Oblatklistremerket viser at kortet er gyldig for inneværande skuleår.

Meir om skulekort

Visma InSchool

Visma InSchool (VIS) vil vera ein stor del av skulekvardagen din. Du vil sjå viktig informasjon som timeplan, klasse, kontakt- og faglærarar, fråvær, merknader og karakterar i VIS. Du kan også levere digitale søknader og gjennomføre fagval i VIS.

Les meir om Visma InSchool og sjå introduksjonsvideo

Fråvær

Du melder fråvær i Visma InSchool. Er du sjuk eller har anna viktig grunn til ikkje å møte opp fyrste skuledag, må du kontakte skulen direkte.

Sjå fråværsreglement for alle elevar i Viken 

Skuleskyss

Treng du skuleskyss til og frå skulen, må du søke om det kvart år. 
Hugs å søke så snart du har fått beskjed om inntak.

Finn ut om du har rett til skuleskyss, og korleis du søker

Gratis lærebøker

Du får låne dei lærebøkene du treng i forbindelse med opplæringen. Bøkene blir utlevert ved skulestart og skal leverast inn igjen før skuleslutt. Du skal behandle bøkene fint, og må erstatte bøker som blir borte eller øydelagt. 

Les reglementet for utlån av lærebøker

Lån og stipend

Alle elevar i vidaregåande skule kan søke lån og stipend i Statens lånekasse for utdanning. Hugs å søke om utstyrsstipend innan fristen 15. november! Alle elevar med ungdomsrett i vidaregåande opplæring får utstyrsstipend, men du må søke for å få det. Du kan også søke om borteboerstipend eller inntektsavhengig stipend

Les meir om lån og stipend på Lånekassen.no

Skuleferier og fridagar

Sjå skuleruta for komande skuleår

Rådgjevar og helsesjukepleier på skulen

Treng du nokon å snakke med om utfordringar i skulekvardagen? Skulen har rådgjevarar som kan hjelpe deg. 

Les meir om skulen si rådgjevarteneste

Reglement og rutiner

Lurer du på noko om fråvær, ordensreglementet, eller kva for rettigheiter og plikter du har som elev i vidaregåande skule? 

Sjå reglement som gjeld for deg som elev

Spørsmål?

Kontakt skulen på tlf. 31003200 eller på e-post: golvgs@viken.no 

Parkering

Det er begrensa med parkeringsplasser ved skulen. Vi oppfordrar alle til å nytte alternativ transport.

Les meir om parkering ved skulen

Forsikring

Du som elev er forsikra gjennom Viken fylkeskommune sin avtale med KLP. Forsikringen gjeld personskade, og dekker ikkje personleg utstyr eller verdisaker som PC, telefonar, klokker, smykke, syklar etc.   

Les meir om kva forsikringa dekker og korleis du brukar den
 

Vi ynskjer deg velkomen til Gol vidaregåande skule!

Gol vgs Endre Ulsaker  

Til toppen