Korleis reiser folk i Viken? Kvar og korleis vert gods frakta kring i Viken? Kva påverkar kvar og korleis folk reiser, kvar gods blir transportert og kva er med på å påverke mobiliteten i Viken?
På nettsida Mobilitet og samfunn er det samla data om korleis mobiliteten i Viken går føre seg og kva som påverkar den. Data er framstilt både i kart, som statistikk og som kartforteljingar.
I kart er det oversikt over det meste som har med mobilitet å gjere, alt frå lokalisering av viktige reisemål og arealbruk til drift og vedlikehald, transporttilbod og reisevanar. Det er òg ein oversikt over ulike ting kommunane i Viken gjer for å påverke mobiliteten, det er statistikk over køyretøyparken, oversikt over ulike typar tiltak som kan bli gjort og korte kartforteljingar om ulike tema kring avviklinga av mobilitet i Viken. I tillegg til dette vil det bli lagt ut ferske forskingsrapportar, utgreiingar og presentasjonar.