Ål vidaregåande skole

  • STILLING SOM FAGARBEIDAR
    Vi treng deg som har erfaring som tømrar, og som er interessert i å arbeide med ungdom gjennom praktisk arbeid. Har du litt eller mykje tid til overs i vinter, er god med folk og flink til å tømre/snekre? Då har vi lyst til å kome i kontakt med deg for ein prat. Kanskje vi har den jobben du ikkje visste at du trengte... Vi søker nemleg etter ein fagarbeidar, med erfaring frå tømraryrket, til å bistå faglærar i praktisk undervisning på vår byggavdeling. Du skal sjølv få vere med å påverke stillingsstørrelsen og lengda på engasjementet.

Til toppen